I fjor stod Tore Rem og UiO:Norden bak fleire UiO:Norden-samtalar frå Litteraturhuset. Dei spente frå forholdet mellom USA og Norden til den nordiske lykka. No sparkar UiO:Norden i gang ei ny seminarrekkje, denne gongen i godt selskap med Nasjonalbiblioteket.
Dagens utfordringar for den nordiske modellen
- For oss er det er ei stor glede at dei har stilt opp som medarrangør og vertskap, synest UiO:Norden-direktør Tore Rem.
- Me skal også sjå på kva førestellingar me har hatt om Norden og me skal enda opp med å ta føre oss den nordiske modellen. Spørsmålet er stort og enkelt: Korleis leva der me er og kva utfordringar står den nordiske modellen overfor i dag, fortel Tore Rem.
Til saman blir det seks arrangement i løpet av våren. Dei vil handla om Norden heilt frå vikingtida og fram til det moderne gjennombrotet. Til hausten blir det ein ny runde og då blir ulike aspekt ved den nordiske modellen hovudtemaet for ei