Uniforum
15.12.2020
Regjeringa deler ut millionar til sju universitet og høgskular som skal kopla høgare utdanning saman med arbeidslivet. Dei ti prosjekta får kvar inntil fem millionar kroner i stønad.
Sju universitet og høgskular får no pengar til å utvikle nye læringsformer som koplar studentar og arbeidsgivarar tettare saman. Studentane skal få meir praksis, løyse konkrete problem for bedrifter og få meir undervisning av folk frå arbeidslivet, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Les mer- Eg vil at studentane skal møte konkrete problemstillingar frå arbeidslivet i utdanninga, slik at dei betre forstår korleis dei kan bruke det dei har lært når dei skal ut i jobb. Dette er viktig for studiekvaliteten og for at næringsliv og offentleg sektor skal få den kompetansen dei treng. Derfor bruker vi no 45 millionar kroner på prosjekt som skal knyte tettare band mellom utdanningar og lokale og internasjonale verksemder, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Får inntil fem millionar kroner kvar i stønad
Pengane skal gå