Khrono
06.08.2020
300 ferske medisin-og odontologistudentar skal treffa kvarandre digitalt fleire dagar før dei møter fysisk på campus.
- Det viktigaste er at kvar enkelt student vert sett og er trygg.
Les merDet seier medisinprofessor ved Universitetet i Bergen (UiB), Edvin Schei. Når Khrono snakkar med han torsdag føremiddag er han i ferd med å planlegga det som skal skje same ettermiddag: Dei 300 ferske medisin- og odontologistudentane skal treffast til eit digitalt møte på zoom. Der skal dei få felles informasjon, men kanskje viktigast: Treffast i mindre grupper. Dette skjer altså fleire dagar før dei første gong skal treffast fysisk på campus.
Ikkje stivt, høgtideleg og livsfarleg
- Utgangspunktet for ideen var at me kjende kor forvirra me var sjølve, seier Schei.
På grunn av smittevern og avstandsreglar kan ikkje Det medisinske fakultetet samla me