Uniforum
01.08.2020
UiO har enno ingen planar om å innføra obligatorisk bruk av munnbind. - Per dags dato ser me ulempene som fleire enn fordelane, seier rektor Svein Stølen.
Det var onsdag denne veka Gunnar Hasle, som er leiar for Reiseklinikken og tidlegare overlege ved Oslo universitetssykehus på Ullevål, kom med eit utspel om at også studentar og førelesarar burde få påbod om å bruka munnbind under førelesingar.
Les merI fylgje Universitetsavisa meiner han at det vil gi universiteta høve til å ha fullt hus av studentar på kvar førelesing utan at faren for å bli smitta av koronaviruset aukar. Først viste han til at det var naudsynt å innføra eit slikt påbod på alle offentlege stader som til dømes på kino, og på konsertar.
- Dette burde også gjelda undervisning på campus, sa han til Universitetsavisa.
Også dei to NTNU-professorane Solveig Bøe og Dag Svanæs meinte at universitetsleiinga burde innføra påbod om bruk av munnbind.
OsloMet-rektor Curt Rice fylgde opp i VG dagen etter med å støtta forslaget og meinte det ville gi fleire fordelar enn ulemper. I intervjuet stiller han seg undran