Etter det Khrono erfarer er det snakk om ei handfull nye klager der fleire handlar om støtte til den tyske studenten som i august i fjor varsla gjennom Sei ifrå-systemet til universitetet.
I tillegg skal nokre har reagert på det dei meiner er ein sleivete og arrogant stil frå professoren.
Professor Larsen blei kjent med innhaldet i dei nye klagene tysdag ettermiddag.
- Innhaldet i desse klagene må gjerne komme fram offentleg, det er heilt greit for meg. Eg har gjennom mange år undervist tusenvis av studentar og kan leve med at nokre av dei reagerar på ting eg seier, og at nokon meiner at eg har ein arrogant stil, seier professor Larsen til Khrono tysdag kveld.
Dekanen stadfester
- Det er ikkje naturleg for meg å gje informasjon om dei varsla som er komne inn no før me har fått til eit møte med Larsen, seier Wold til Khrono.
Dekan Bente Wold vil heller ikkje fortelje kor mange nye klager som er komne inn, eller kva dei gjeld, men ho stadfester at dei nye k