Det er dag fire i Oslo tingrett. Dei tre føregåande dagane har advokatane til partane halde sine innleiingsforedrag. I dag startar partsforklaringane til tre av dei totalt 163 psykologistudentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn som har saksøkt staten.
Dei tre som skal forklare seg er Tor-Arne Haugland og Alexander Lundgreen Flattorp som begge representerer gruppa av studentar som har fått avslag på lisens. Håkon S. Nordnes representerer gruppa som har fått lisens, men fått avslag på autorisasjon.
Når ein har brukt så lang tid på utdanninga, så blir den plutseleg ikkje godkjent? Det var heilt uverkeleg. Tor-Arne Haugland Saksøkter og ELTE-kandidat
I ryggen, på tilhøyrar-benkane i sal 227 i tinghuset i Oslo, har dei fleire av medstudentane som også står oppførte på saksøkarsida.
Det vart ein lattermild start på dagen. Då dommaren spurte om faktaopplysingar om Haugland, blant anna yrkestittel, så satt latteren laust blant tilhøyrarane. For Haugland svarte:
- Ja, det er vel det vi skal finne ut av her, men eg må vel seie at eg er psykologkandidat.
Partsforklaringane føregjekk slik at advokaten til studentane, Per Andreas Bjørgan, stilte dei spørsmål om deira motivasjon til å studere psykologi, tidsløpet i studieløpet, kvifor dei valte å studere ved ELTE og kva dei lærte gjennom studiet.
Gjennom Haugland si forklaring vart tilhøyrarane godt kjend med hans private bakgrunn for vala han har teke i studiesamanheng. Han valte å ta ein bachelor i psykologi ved Kingston University og gjekk vidare på master ved ELTE-universitetet.
- Eg las eit intervju med ein norsk psykolog som hadde studert ved ELTE på ANSA sine nettsider. Der kom det fram at ein hadde kliniske fag og praksis, og at ein fekk innvilga lisens og deretter autorisasjon i Noreg. Alle eg prata med