Foto: Martin Toft
Både før og etter den uoffisielle folkerøystinga i Catalonia den 1. oktober, har José Maria Izquierdo gått i skytteltrafikk frå det eine TV-studioet til det andre. Og innimellom har han også deltatt i radioprogrammet Studio 2 på NRK P2.
- Og no får eg frie tøylar frå leiarane mine til å bli intervjua av media om det som går føre seg i Catalonia. Det støttar opp om prinsippet mitt om at me som arbeider ved Universitetet i Oslo, også skal gi kunnskap tilbake til samfunnet. Derfor er eg svært nøgd med å bli intervjua av media, sjølv om eg blir litt frustrert av at eg aldri får med alt som eg seier, vedgår José Maria Izquierdo.
- 80 prosent for folkerøysting, men under 40 prosent for sjølvstende
Uniforum møter han i Georg Sverdrups hus den same dagen som regionpresident Carlos Puigdemont i Catalonia skal halda ei viktig tale om regionen skal erklæra seg uavhengig av Spania eller ikkje.
- Eg er frå Valencia. For meg er det utenkjeleg at det skal vera ei grense mellom Valencia og Catalonia. Det blir som grensa mellom Argentina og Uruguay i Sør-Amerika. I Catalonia er 80 prosent for folkerøysting, men berre mellom 30 og 40 prosent er for sjølvstende for Catalonia, konstaterer han.
Etter hans meining har heller ikkje Spanias statsminister Mariano Rajoy hatt ei heilt heldig hand over situasjonen i Catalonia. - Det var ikkje bra takla av regjeringa i Madrid å lata politiet bruka vald mot dei som skulle delta i folkerøystinga. Samtidig brukar Catalonias regionpresident Carlos


































































































