Uniforum
01.09.2017
- I dag blir ytringsfridomen og den kritiske stemma til akademikarar sette på som forstyrrande, eit trugsmål mot makta, mot sosial kontroll eller mot religiøse tradisjonar.
Situasjonen i Tyrkia er eit trist døme på det, sa rektor Svein Stølen då han talte under Universitetet i Oslos årsfest i Aulaen i ettermiddag.
Les merAKADEMISK PROSESJON: Rektor Svein Stølen leier den akademiske prosesjonen under opninga av UiOs årsfest i Aulaen 1. september.
Foto: Ola Sæther
UiO-rektor Svein Stølen peika på korleis det veke etter veke kjem nyhende om korleis livet blir vanskelegare og farlegare for tyrkiske akademikarar og studentar. Men han trekte også inn det han tykte var ei urovekkjande utvikling i det største og mektigaste landet i Vesten.
- Under press
- I USA ser me at røyster som kritiserer dagens administrasjon opplever at dei får avgrensa tilgang til ressursar. Det er ei trist utvikling i eit land som tradisjonelt har hatt eit av verdast


































































































