FINT: Ishtar Gözaydin frå Tyrkia får UiOs menneskerettspris. - Det er fint å få ein sånn pris for å ha kjempa for menneskerettane.heile livet, seier ho. Her står ho i strandkanten i heimbyen Istanbul med Bosporusstredet i bakgrunnen.
Foto: Ola Sæther
Istanbul
Isthar Gözaydin tar imot Uniforum i husværet i bydelen Besiktas i Istanbul. Den ligg fint til med eit panoramautsyn over Bosporusstredet. Ein kvit katt smyg seg rundt i huset og vil gjerne bli kjælt med av dei to gjestane frå Noreg.
Ishtar Gözaydin legg ikkje skjul på at ho er svært glad for å få tildelt UiOs menneskerettspris for 2017.
- Det er fint å få ein sånn pris for å ha kjempa for menneskerettane heile livet utan tanke på at det kan få negative fylgjer for meg. Eg har aldri vurdert fordelane eller ulempene med å engasjera meg i kampen for menneskerettane, seier ho.
- Så du trur ikkje ein slik pris vil skada deg og saka di? - Nei, på ingen måte. For meg gjer det veldig godt å bli sett pris på på denne måten.
Peikar på Uniforum
- Men korleis trur du leiinga ved Universitetet i Oslo blei merksame på deg og det arbeidet du har gjort og funne deg verdig til å ta imot UiOs menneskerettspris? - Det er ingen tvil om at det var artikkelen Uniforum skreiv om meg etter besøket i fjor, som gjorde det utslaget. Så tusen takk! seier ho til journalisten og fotografen frå Uniforum. Ishtar Gözaydin er utdanna jurist, men har spesialisert seg på forholdet mellom religion og politikk i Tyrkia. Mista jobben etter protest mot gjeninnføring av dødsstraff
Det var i august i fjor me møtte Ishtar Gözaydin for første gong. Då hadde ho nettopp fått sparken frå jobben som leiar for Sosiologisk institutt ved eit privat universitet i Izmir, som styresmaktene meinte tilhøyrde organisasjonen til Fethulah Gülen, som president Recip Tayyip Erdogan skulda for å stå bak det mislukka militærkuppet 12. juli 2016. Grunnlaget for å seia henne opp, var at ho hadde sendt vidare ei twittermelding som oppfordra folk til å protestera mot unntakstilstanden og mot forslaget frå presidenten om å gjeninnføra dødsstraffa i Tyrkia. I 2014 hadde ho prøvd å bli vald inn i det tyrkiske parlamentet for Det sosialdemokratiske partiet. Det er partiet til den tidlegare tyrkiske statsministeren Bülent Ecevit. Derfor hadde ho sagt opp jobben som dekan ved fakultetet for kunstfag og samfunnsvitskap ved eit privat universitet i Istanbul. Sidan ho ikkje fekk nok stemmer til å bli vald, måtte ho finna seg jobb ein annan stad. Då kom tilbodet om ei stilling ved Gediz University i Izmir. Der blei ho leiar for Sosiologisk institutt. Men etter at ho hadde bl


































































































