I slutten av juni kunne Uniforum fortelja at HF-fakultetet lanserer romanen «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar som både ei velkomstgåve til alle nye studentar og som utgangspunkt for seks mikroemne over to semester. Kvart mikroemne gir 2,5 studiepoeng.
Studiedekan Gunn Enli var svært nøgd med at fakultetet hadde fått det til.
- Me valde denne boka fordi den viser det nye Noreg og korleis Oslo er blitt ein heilt ny by. Og så viser den korleis det er å veksa opp i Noreg og forholdet til islam som er familiereligionen medan samfunnet utanfor er sekulært, men påverka av kristendommen, fortalde ho.
Gunn Enli viste også til at eit viktig kriterium for å velja denne romanen, er at den er frå samtida, er skriven på norsk, og at det er mogleg å treffa forfattaren.
Og det siste ynsket blei realisert på eit bokbad med Zeshan Shakar på Niels kaffebar i Niels Treschows hus på Blindern i går ettermiddag. Og det var nettopp studiedekan Gunn Enli som kunne ynskja han velkommen. Kafeen var stappfull av studentar som ville høyra på fo


































































































