Dermed er prisen 770 millionar kroner høgare enn det forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe varsla i ei pressemelding tidlegare i haust. Då rekna han med at kostnadsramma på rundt 3 milliardar kroner ville halda.
Tidlegare i år kom det fram at arbeidet med nytt vikingtidsmuseum ikkje kan gjennomførast innanfor dei rammene Stortinget har sett, og derfor blei prosjektet nedskalert. Prosjektet blei justert for å halda kostnadene under kontroll, og for å koma i gang med arbeidet som vert kravd for flytting av samlingane til nytt bygg.
For å skaffa eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om kontroll med kostnader og styringa av byggjeprosjektet etter avgjerda om nedskalering, henta Kunnskapsdepartementet inn ei ny vu