AddToAny

Viken boikottar bibliotekstatistikken

Viken har 1,25 millionar innbyggarar. No har mange av biblioteka i megafylket unnlate å levera tal til den nasjonale bibliotekstatistikken innan fristen 17. februar. Med Quria som biblioteksystem blir jobben for stor, hevdar dei.
Den 13. februar i år sendte fylkesbiblioteksjef i Viken Heidi Hovemoen brev til Nasjonalbiblioteket (NB) med kopi til Axiell på vegne av rundt tjue av biblioteka i fylket, der ho varsla at dei ikkje kom til å levera statistikk for 2022 for indikatorane som må hentast frå Quria. «Vi forventer at Axiell snarest kommer med en løsning som bedre ivaretar norske kunders behov når det gjelder pålagt statistikk-rapportering,»

- Det er problematisk at ein etter kvart stor leverandør på den norske marknaden ikkje er i stant til å levera tala vi treng. Det må NB kjenna til, seier ho til Bok & bibliotek.

Brotne løfter

Ei av dei som har ansvar for bibliotekstatistikk frå eit Quria-bibliotek er Linda Rasten. I dag er ho biblioteksjef i Nordre Follo. I 2022 hadde ho same posisjon i Vestby kommune, og enda då med å at initiativ til eit opprop frå Quria-brukande bibliotek til Axiell.

- Vi gjorde ein felles førespurnad med ønske om ei betre løysing, fortel ho.

Den 12. januar 2022 sendte Vestby og ni andre norske Quria-kundar brev Axiell om det dei

oppfatta som ei for dårleg løysing for å henta ut statistikk til Nasjonalbiblioteket. Svaret kom dagen etter: «Axiell har konkrete planer for utvikling av automatisert uttak og leveranse av statistikkdata til Nasjonalbiblioteket og øvrige myndigheter (skolene skal rapportere til fylket, ikke til NB). Dette vil være ferdig så rapportering kan skje automatisk for 2022.»

- Men det ser heilt likt ut no som i fjor, og like mykje jobb må til for å prosessera tala og få dei inn i den nasjonale statistikken. Å ta ut statistikk i Quria opplevest som eit steg tilbake frå andre system, seier Rasten, som veit om fleire som kjenner seg provoserte når ingenting no er forbetra.

Rasten innrømer at mange som er med i aksjonen syns dette er vanskeleg.

- Det går ut over den nasjonale statistikken, og vi er bibliotekarar; vi likar system og ønskjer å levera. Folk er oppgitt, sinte og slitne. Det er mitt inntrykk. Så det å ikkje levera er det einaste verkemiddelet vi har.

- Kven tenkjer de råkar med ikkje å levera?

- Det er ikkje einigheit om kven ein legg press på. Det vil kunna gå ut over omdømet til Axiell. Elles så er det jo kommunane som bryt ei forskrift. Og ein kan enda opp med å mangla tal frå potensielt mange store kommunar.

- Kjem de til å levera om de får ein seinare frist?

- Om Axiell kjem med ei løysing i løpet av eit par veker, så er det berre kjempefint det.

Forventar betre løysing

Om lite har endra seg inni s

Les mer

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt