AddToAny

- Vi er byens bank

I 170 år har Lillesands Sparebank stått stødig åleine og gjeve overskotet sitt til idrettslag og andre lokale foreiningar. Dei har ingen planar om å slutte med det.
Tekst og foto: Silje Pileberg

LILLESAND: I ein kvitmåla, verneverdig trebygning, med iskremkioskar på begge sider, finn du Lillesands Sparebank. Det er ein av Noregs få alliansefrie bankar. Dei har aldri fusjonert, aldri forhandla om det eingong. I staden jobbar dei seg fram til overskot kvart einaste år, som dei så gjev i gåve til lokale skulekorps, lag og foreiningar.

Suksesshistoria hadde ikkje vore mogleg utan menneske som Anne Brit Gundersen. Kvar dag møter ho bankkundar med kaffi og økonomisk vegleiing.

- Eg trur mange opplever å få meir service i ein liten sparebank enn i ein stor bank. Du er ikkje eit nummer i rekka, seier ho.

BEGYNTE SOM SYKKELBUD

Gundersens bankkarriere begynte ved konfirmasjonsalderen. Då sykla ho rundt og leverte brev for banken etter skuletid.

Ein sommarjobb førte til eit tilbod om fast jobb. Ho takka ja, sjølv om ho ikkje hadde fullført handelsskulen. Det er 41 år sidan no.

I starten sat ho ved sentralbordet. Etter nokre år flytta ho til skranken, der ho betalte folks rekningar eller ga ut kontantar og sjekkhefte. Éi hending vil ho aldri gløyme: då ein maskert mann med to knivar kom inn og brølte til kollegaene hennar.

Sjølv sat ho på kontoret sitt.

- Det første som fall meg inn, var å krype under pulten. Der sat eg med hovudtelefonane på, eg hadde ein kunde på øyret. Han lurte nok på kvifor eg slutta å snakke!

GLAD I KUNDANE

Ranaren vart teken like etter, og alt enda godt. I dag er bankran passé og skranken historie. Men sjølv om tidene skiftar, har Lillesands Sparebank stått støtt.

ALDRI ANGRA:I 41 år har Anne Brit Gundersen jobba i Lillesands Sparebank. Ho valde å avbryte vidaregåande utdanning på handelsskulen for å ta fast jobb i banken. - Eg har aldri angra, seier ho.

- Du er nøydd til å følgje med i utviklinga. Vi har dei same produkta og tilboda som andre bankar. Heldigvis er det mange som synest at det er hyggeleg med ein liten bank der dei kan besøke eller ringe r�

Les mer

Flere saker fra Finansfokus

KI-assistenter, chatboter som kunderådgivere og algoritmestyrt ledelse.
Finansfokus 10.06.2026
For mange pensjonister er fripolisen en viktig del av inntekten. En fripolise er opptjent pensjon fra en tidligere ytelsespensjonsordning i privat sektor.
Finansfokus 10.06.2026
Sverige har mer privat eierskap, og noen familier som tilfører veldig langsiktig eierskap.
Finansfokus 10.06.2026
I år øver finansnæringen ekstra mye på å nedkjempe trusler og aggresjon mot Norge.
Finansfokus 10.06.2026
PORSGRUNN: – Da Trump ble valgt høsten 2025 ble verden et mye mer uforutsigbart sted. Hans grønnlandsutspill var kanskje første skuddet som viste at verden nå var fundamentalt annerledes.
Finansfokus 10.06.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt