Finansfokus
21.06.2022
I 170 år har Lillesands Sparebank stått stødig åleine og gjeve overskotet sitt til idrettslag og andre lokale foreiningar. Dei har ingen planar om å slutte med det.
LILLESAND: I ein kvitmåla, verneverdig trebygning, med iskremkioskar på begge sider, finn du Lillesands Sparebank. Det er ein av Noregs få alliansefrie bankar. Dei har aldri fusjonert, aldri forhandla om det eingong. I staden jobbar dei seg fram til overskot kvart einaste år, som dei så gjev i gåve til lokale skulekorps, lag og foreiningar.
Suksesshistoria hadde ikkje vore mogleg utan menneske som Anne Brit Gundersen. Kvar dag møter ho bankkundar med kaffi og økonomisk vegleiing.
- Eg trur mange opplever å få meir service i ein liten sparebank enn i ein stor bank. Du er ikkje eit nummer i rekka, seier ho.
BEGYNTE SOM SYKKELBUD
Gundersens bankkarriere begynte ved konfirmasjonsalderen. Då sykla ho rundt og leverte brev for banken etter skuletid.
Ein sommarjobb førte til eit tilbod om fast jobb. Ho takka ja, sjølv om ho ikkje hadde fullført handelsskulen. Det er 41 år sidan no.
I starten sat ho ved sentralbordet. Etter nokre år flytta ho til skranken, der ho betalte folks rekningar eller ga ut kontantar og sjekkhefte. Éi hending vil ho aldri gløyme: då ein maskert mann med to knivar kom inn og brølte til kollegaene hennar.
Sjølv sat ho på kontoret sitt. - Det før
Gå til medietSuksesshistoria hadde ikkje vore mogleg utan menneske som Anne Brit Gundersen. Kvar dag møter ho bankkundar med kaffi og økonomisk vegleiing.