AddToAny

Ventar framleis på konto, etter ein månad i Norge

For ein månad sidan kom ei gruppe på ni ukrainske flyktningar til Selje. Etter å ha venta tre veker, fekk flyktningane d-nummer hos politiet i Førde, ein tre timars biltur frå havgapet i vest.
Deretter nådde dei å møte i banken for tinge konto og bank-id før påskeveka.

SELJE: Finanstilsynet har oppmoda finansforetak om å sikre at flyktningar får tilgang til grunnleggjande banktenester og forsikringsprodukt. Ifølgje tilsynet har det vore krevjande for flyktningar å få tilgang til bank- og forsikringstenester, på grunn av det strenge regelverk for legitimering i samband med frykt for kvitvasking. Regjeringa har vedteke midlertidig kollektivt vern av ukrainske flyktningar, som gjev dei løyve basert på gruppesamhøyrigheit, ikkje etter individuell vurdering.

Flyktningvert John Terje Hamre i Selje fortel at trass denne oppmoding har det teke lang tid for dei ukrainske flyktningane som bur hjå han. Hamre er kjærast med ukrainske Tetiana Paschenko. Ho og dei to sønene hennar på 8 og 15 år bur no hjå han etter at dei flykta frå Dnipro då Russland invaderte Ukraina 24. februar i år.

Ni andre ukrainarar som enten er vener av kjærasten eller vener av ein kamerat av han, har budd i hytter på Hamre Camping og Hyttesenter som John Terje driv rett ved Selje sentrum. Ukrainarane har kome i ulike grupper frå Dnipro og Kyiv i byrjinga av mars. To familiar er reist vidare, ein til Oslo og ein til Tyskland.

HAR VORE BANK

Ifølgje Hamre hadde dei med seg nokre dollar frå heimlandet. Han snakkar på vegne av gjestene. I påvente av d-nummer, bankkonto og bank-id har nordfjordingen hjelpt til med pengar og praktiske ting.

FLYKTNINGEHJELPAR: John Terje Hamre (50) har teke imot 12 ukrainarar, inkludert kjærasten og dei to sønene hennar som bur hos han. Dei andre bur i hytter på Selje Camping og Hyttesenter som han driv. (FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD)

- Eg har vore bank for dei og hjelpt dei. Eg går utifrå dei vil kome under norske støtteordningar slik at dei får pengar på ein norsk konto kvar månad. Først då vil dei kunne byrje leve nokolunde normale liv.

Hamre fortel at flyktningane etter tre veker i Norge fekk time hos politiet i Førde der dei fekk tildelt d-nummer, som gjer at dei kan få norsk bankkonto med BankID. Deretter fekk dei møte i den lokale banken for å tinge konto, bank-id og kort før den stille påskeveka tok til. I skrivande stund ventar flyktningangen framleis på svar frå banken.

- Vi var i kontakt med banken med omsyn til dette i går. Banken hadde då dette på agendaen i eit pågåande møte. Vi har ikkje f

Les mer

Flere saker fra Finansfokus

KI-assistenter, chatboter som kunderådgivere og algoritmestyrt ledelse.
Finansfokus 10.06.2026
For mange pensjonister er fripolisen en viktig del av inntekten. En fripolise er opptjent pensjon fra en tidligere ytelsespensjonsordning i privat sektor.
Finansfokus 10.06.2026
Sverige har mer privat eierskap, og noen familier som tilfører veldig langsiktig eierskap.
Finansfokus 10.06.2026
I år øver finansnæringen ekstra mye på å nedkjempe trusler og aggresjon mot Norge.
Finansfokus 10.06.2026
PORSGRUNN: – Da Trump ble valgt høsten 2025 ble verden et mye mer uforutsigbart sted. Hans grønnlandsutspill var kanskje første skuddet som viste at verden nå var fundamentalt annerledes.
Finansfokus 10.06.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt