Det sa leiaren for Grimstad-utvalet, NTNU-professor Hilde Grimstad då ho deltok i ein debatt hos NIFU på Tøyen om korleis norske personar med utanlandsk utdanning vert tekne imot av arbeidsgjevarane når dei kjem heim att.
Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) la i dag fram ein ny rapport om korleis norske personar med utanlandsk utdanning blir tattt imot av den norske arbeidsmarknaden.
Også forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var einig i poenget til Hilde Grimstad..
- Før tok norske studentar medisin i utlandet saman med studentar frå Tyskland eller Frankrike og lærte seg også dei språka. No er det ofte «big business» som gjeldt og dei har eigne studietilbod på engelsk for utanlandske medisinstudentar, trekte ho fram.
Gjer det noko betre
For personar med andre utdanningar enn medisin og helsefag frå utlandet, er det blitt betre på arbeidsmarkn