Bondebladet
21.07.2016
Ein bugnande hage sørgjer for friske grønsaker, urter, bær og frukt til gjestene som besøkjer Baroniet i Rosendal. « Mange av gjestene set stor pris på dette »
Baroniet i Rosendal, frå 1665, er det minste slottet i Skandinavia, Ein 300 år gamal renessansehage, og mektig utsyn mot fjord, fjell og fossefall, har gjort slottet i Kvinnherad kjent som ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.
Slottet er mellom anna kjent for den vakre landskapsparken, og for eit rikt kulturprogram med konsertar, teater, foredrag og kunstutstillingar.
I 1850-1870-åra vart det etablert ein stor kjøkkenhage, med svært mange nyttevekstar i hagen til baroniet.
Gjennom heile sesongenI perioden frå 1998 til 2005 vart kjøkkenhagen restaurert, og no vert avlingane av økologisk grønsaker, krydderurter, bær og frukt nytta av kafeen og av storakjøkenet på Rose


































































































