Khrono
25.03.2018
Universitet. Statusforskjellen mellom målbar og erfaringsbasert kunnskap er eit av dei største problema innafor heile utdanningssektoren, skriv Sigurd Haga.
I fag- og samfunnsdebatten blir forskingsbasert, målbar kunnskap ofte rangert over erfaringsbasert, praktisk kunnskap. Denne statusforskjellen er eit av dei største problema innafor heile utdanningssektoren. For profesjonsutdanningane, som i dei siste åra har jakta på universitetsstatus, er denne ubalansen mellom kunnskapstypar ikkje berre uheldig, den er øydeleggjande. For til og med i desse institusjonane, som har som oppgåve å utdanne og danne studentar til praktisk yrkesinnsats, har erfaring, praktisk kunnskap og undervising fått lågare status, samanlikna med forsking. Og det har skjedd utan grunnleggjande fagdebatt.
Les merMi erfaring er frå HiO, Høgskolen i Oslo, ein utdanningsinstitusjon som vart oppretta for å utdanne dugande profesjonsutøverar. Den har nå, etter storstilt kopiering av forskingsuniversitetets former og andre universitetsdrivande tiltak, til dømes samanslåingane med Høgskolen i Akershus og med fleire forskingsinstitutt, fått det framandgjerande namnet OsloMet.
Då høgskole-leiinga så å seie over natta bestemde seg