Uniforum
05.03.2018
Københavns Universitet er det mest synlege universitetet på nett i Norden. Det blir tett fylgd av Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo. Det viser den siste rangeringa frå Webometrics.
TREDJEPLASS I NORDEN: UiO hamnar på tredjeplass i Norden på Webometrics si siste rangering over dei universiteta som er mest synlege på nett.
Les merFoto: Martin Toft/Uniforum
Rektor Svein Stølen er godt nøgd med Universitetet i Oslos plassering.
- Det er alltid hyggeleg når UiO gjer det bra på rangeringar, men me må alltid ta atterhald om metodeavgrensingar. UiO har hatt både 1. og 2. plassen på denne rangeringa dei siste åra og det viser at me klarer oss godt i samanlikninga med andre universitet i Norden, synest Svein Stølen.
Københavns Universitet best i Norden
I Norden er det altså Købehavns Universitet som gjer det best, men på verdsrangeringa held det berre til 79.-plassen. Der kjem altså Universitetet i Helsinki på 83.-plass medan Universitetet i Oslo inntar 84.-plassen. UiO går dermed opp 12 plassar på verdsrangeringa samanlikna me