Uniforum
28.11.2019
Demonstrantane i Hong Kong kjempar for ytringsfridomen, menneskerettane og demokratiske rettar. I den kampen bør dei få all mogleg støtte både frå Universitetet i Oslo og frå den norske regjeringa, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Denne månaden demonstrerer studentar, akademikarar og andre grupper for ytringsfridom, demokrati og økonomisk rettferd både i Libanon, Hong Kong, Irak, Iran, India, Chile, Bolivia og Ecuador. For ikkje lenge sidan var også demonstrantar ute på gatene i Nicaragua, Venezuela og i Russland. Alle stader kjempar dei for å betra levekåra sine, men også for retten til ytringsfridom, akademisk fridom og for respekt for menneskerettane. Alle vil ha meir rettferdige samfunn der helse- og utdanningstilbodet ikkje er avhengig av kva inntekt foreldra dine eller du sjølv har.
Les merAv same grunn marsjerte dei gule vestane i Frankrike, landet som er opphavet til slagordet «fridom, likskap og brorskap.» Dessverre har landet som ein gong var kjent for at samfunnet skulle vera mest mogleg egalitært, blitt eit klassesamfunn på linje med Storbritannia der kva skular og universitet du har gått på, avgjer yrkeskarrieren din. Samanlikna med område som Hong Kong, Chile, Iran, Irak, India og Bolivia har demokratiet o