I 2015 inngjekk UiO eit forlik med Opplysningsvesenets fond (OVF) om at UiO skulle betala ni millionar kroner i årleg avgift for dei tomtene dei festar på Nedre Blindern. Det skjedde etter at Opplysningsvesenets fond i 2011 først kravde ei leige på 16.64 millionar kroner. Då medan UiO fram til då hadde betalt 371 250 kroner årleg. UiO sende eit motkrav der det gjorde det klart at det ville kunna betala rundt 7. millionar kroner i året for tomtene. Då saka kom opp for retten kom Opplysningsvesenets fond med eit krav om ei festeavgift på 54,375 millionar kroner. Forliket enda først i 2015 med at UiO måtte betala to millionar kroner meir enn det det opphaveleg gav melding om at det kunne betala. Kontrakten går til evig tid, og er uoppseieleg, men det er mogleg å reforhandla festeavgifta i 2040.
UiO vil råda over tomtene sjølv
I eit brev universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen har sendt til Kunnskapsdepartementet, ber dei om at desse tomtene blir tatt ut av Opplysningsvesenets fond og vert overførte til staten ved Kunnskapsdepartementet slik at dei kan leggjast inn under sjølvforvaltinga til Universitetet i Oslo til liks med resten av eigedomane på universitetsområda.
Av brevet går det fram at av dei sju bygningane som UiO har på Nedre Blindern, står seks heilt eller delvis på tomtene til Opplysningsvesenets fond. Farmasibygningen, Geologibygningen, ZEB-bygningen og Helga Engs hus står på tomtegrunnen til OVF. Størstedelen av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemibygningen gjer det same. Samla er det 70 000 kvadratmeter av heile bygningsmassen til universitetet. Dessutan står SiOs barnehage Bamsebo på ei tomt som UiO festar av Opplysningsvesenets fond, går det fram av brevet frå dei to toppdirektørane på UiO.
Vil ha overføring av tomter utan betaling av vederlag
Avtalen som UiO har med OVF i dag, begynte å virka frå 2010, og først i 2040, etter 30 år, er det mogleg å reforhandla festeavgifta. Universitetsadministrasjonen har rekna ut at fram til det året vil UiO ha betalt 270 millionar kroner i festeavgift til Opplysningsvesenets fond.
Dei to UiO-direktørane Arne Benjaminsen og John Skogen har også laga ei skisse over korleis ei overføring av festetomter til UiO kan gå føre seg. Dei viser til at det kan skje på dei same vilkåra som vert brukte når Den norske kyrkja i 2023 får overført kyrkjer og tomter, det vil seia utan betaling av vederlag. Dei viser til at dette kan


































































































