AddToAny

UiO vil fordela reduksjonen på 86,2 millionar i antatt budsjett på alle einingar

Framlegget til statsbudsjett for 2023 vil gi UiO ein samla reduksjon på 86,2 millionar kroner i høve til det universitetet hadde kalkulert med. I tillegg reknar UiO med at energikostnadane vil kosta 160 millionar meir enn budsjettert.
Dei ekstra kostnadane vil bli fordelte på alle einingane på universitetet.

Dei nødvendige nedjusteringane i det endelege universitetsbudsjettet skal handsamast i møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember. I innstillinga frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen blir styret bede om å vedta eit forslag om fordeling av ein reduksjon på 86.2 millionar kroner i tildelinga til UiO forslaget til statsbudsjett for 2023 samanlikna med det antatte budsjettet som blei vedtatt i junimøtet.

Universitetsdirektøren ber også styret om å gi rektor fullmakt til å fordela den utrekna reduksjonen på 12,79 millionar kroner på grunn av innføring av studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits.

Når det gjeld dei auka energiutgiftene på 160 millionar kroner skal dei fordelast mellom einingane på grunnlag av kor stort areal dei disponerer. I tillegg skal Universitetsstyret ta stilling til den samla justerte rammefordelinga mellom einingane. Universitetsdirektøren ber dessutan styret gi rektor fullmakt til å gjera endringar med grunnlag i tildelingsbrevet Kunnskapsdepartementet sender over til Universitetet i Oslo og moglege andre mindre justeringar.

Mat.nat får redusert antatt budsjett med 49,29 millionar

I tabellen som ligg ved saksdokumenta går det fram at det er det største fakultetet på UiO, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som får redusert det antatte budsjettet mest. I forslaget går det fram at det fakultetet kan få 49 millionar 296 tusen kroner mindre enn det som det låg an til å få med moglege justeringar etter at Universitetsstyret behandla det antatte budsjettet for 2023 i junimøtet. Det vil seia ein reduksjon på 4,1 prosent.

Etter den siste innstillinga vil Det humanistiske fakultetet få ein reduksjon på 18,2 millionar kroner samanlikna med det som det låg an til å få med grunnlag av det antatte tildelinga UiO-leiinga rekna med at universitetet ville få overført til 2

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt