Uniforum
11.09.2020
Oppdaterte utrekningar syner at kostnadsramma for det nye Livsvitskapsbygget vil sprekka med meir enn 1 milliard kroner. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen. UiO håpar regjeringa vil gi dei den ekstra milliarden.
Det var den 26. august det først blei kjent at vanskelege grunnforhold har gitt auka kostnader for bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Reint konkret viste det seg at det var uventa mykje kvikkleire i grunnen.
Les mer- Det er ikkje noko i vegen for å byggja på kvikkleire, men no ser me meir enn det undersøkingane viste, sa kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Uniforum dagen etter. Ho opplyste også at dei ville sjå på kva som ville vera ei formålstenleg løysing innanfor kostnadsramma.
Les meir i Uniforum:
Ein plan for å halda kostnadsramma
Denne veka fekk Universitetsstyret informasjon om korleis statusen er for arbeidet med å få ned overskridingane på budsjettet til Livsvitskapsbygget.
Det første som skjer er at UiO og Statsbygg skal laga ein plan for korleis Livsvitskapsbygget kan byggjast innanfor den vedtatte ramma på 6,145 milliardar kroner.