Eit nytt vikingstidsmuseum stod lenge på ynskelista til UiO. 2. september 2019 var det klart at den endelege løyvinga frå regjeringa var klar, og avsparket for bygginga kunna planleggjast. Mesteparten av rekninga betalar staten, men når bygginga av nytt vikingtidsmuseum kjem i gang i 2022 fører det også til at det ikkje lenger vil koma inntekter frå billettsal eller suvenirsal frå Vikingskipshuset. Det vil seia at UiO sjølv må dekkja inntil 220 millionar kroner i bortfall av inntekter og 77 millionar kroner for basisutstillingar i byggjeperioden 2022-2026.
I 2022 åleine vil dette gi UiO utgifter på 64 millionar kroner. Det blir den største ekstra utgiftsposten for UiO i 2022, går det fram av styrepapira før møtet i Universitetsstyret i morgon 4. mai. Då ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen styret om å slutta opp om dei tilrådingane og prioriteringane for fordeling av budsjettet i 2022 han legg fram i møtet.
6,1 milliardar i basisløyving i 2022
Samla reknar UiO med at det vil få ei samla basisløyving på 6,1 milliardar over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2022. I tillegg budsjetterer UiO med eksterne inntekter på 20