Uniforum
08.08.2023
Universitetet i Oslo er nummer 20 i Europa og nummer 96 i verda over universiteta som har forskingspublikasjonar best synlege og tilgjengelege på nett. Det viser den siste undersøkinga frå Webometrics hos det spanske forskingsrådet.
Det er University of Oxford som er best i Europa når det gjeld å gjera mest mogleg av forskingsartiklar og anna forskingspublisering av høg kvalitet tilgjengelege og synlege på nett. Det syner juli-tala frå det spanske forskingsbyrået Webometrics. På dei neste plassane fylgjer University of Cambridge og University College, London. Det beste ikkje-britiske universitet er ETH Zürich frå Sveits som tar fjerdeplassen.
Les merUiO-rektor takkar dei tilsette
I Norden er Københavns Universitet høgast plassert med ein ellevteplass, medan Helsingfors universitet kjem på 18. plass, to plassar over Universitetet i Oslo på 20. plass. Det gir dermed UiO ein bronseplass i Norden, slik universitetet har hatt for vane på denne målinga. UiO kom også på 20.-plass i målinga frå januar i år.
Rektor Svein Stølen er godt nøgd med plasseringa.
- Det er alltid hyggeleg at Universitetet i Oslo gjer det godt på internasjonale rangeringar. Denne handlar i stor grad om digital "tilstedeværelse", men òg om formidling av forsking, understrekar han overfor Uniforum.
U


































































































