Uniforum
06.02.2019
Universitetet i Oslo opprettar ein ny pris for yngre forskarar. Det vedtok universitetsstyret i går.
No skal yngre og framifrå forskarar som ikkje har passert 40 år, få tildelt ein eigen pris frå Universitetet i Oslo. Dermed har dei også sjansen til å vinna ein pris på 250 000 kroner tilliks med vinnnarane av forskingsprisen, innovasjonsprisen, utdanningsprisen og formidlingsprisen.
Les merDet blir ein pris som skal gå til yngre forskarar som har utmerka seg med framifrå forsking.
I dag er kvar av dei fire prisane på 250 000 kroner kvar. Vilkåret for å oppretta ein slik pris, er at det må finnast pengar til ei slik tildeling. Det var det tydelegvis for forslaget blei samrøystes vedtatt.
Frykta for prestisjen
Representant for dei vitskaplege tilsette i styret, Olav Gjelsvik uttrykte litt tvil i klokskapen om å oppretta ein e