Uniforum
21.06.2023
- UiO-styret har vore veldig flinke til å prioritera. UiO:Demokrati og UiO:Energi og miljø er to døme på det, rosa UiO-rektor Svein Stølen før det sannsynlege UiO-budsjettet for 2024 blei vedtatt.
Neste år reknar UiO å få ei tildeling på rundt 6,418 milliardar kroner frå staten. Pengane blei delte ut til dei ulike einingane i går etter at eit samla universitetsstyre vedtok det.
Les merDet er også lagt inn ein pårekna rammereduksjon på 1,1 prosent. Rektor får fullmakt til å gjera endringar som fylgje av Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til UiO for 2024 og andre mindre justeringar i fordelinga.
Avgjerda blei tatt nesten utan debatt. Ekstern representant Maria Strømme tykte dette såg bra ut, men ho lurte på om det var mogleg å bruka ein rektorpott på andre viktige frie satsingar, slik som dei hadde på NTNU, då ho sat i styret der.
God prioritering
UiO-rektor Svein Stølen viste til at UiO har ein pott som dei kallar for universitetsleiingas reserve.
- Men UiO-styret


































































































