I teksten gjekk det fram at UiO fryktar at innføring av studieavgift også vil føra til store utfordringar når det gjeld rekrutteringa av internasjonale studentar. Samtidig understrekar UiO at forslaget har svært store økonomiske og administrative konsekvensar for sakshandsaminga og studentoppfylginga. Desse fylgjene er ikkje komne godt nok fram i lyset, slår UiO fast i utkastet til høyringsfråsegn.
- Eg er for innføring av studieavgift for studentar frå tredjeland
Då heile utkastet til høyringsfråsegn blei lagt fram i Universitetsstyret i dag, flagga dei tre eksterne medlemane Maria Strømme, Kristin Clemet og Eirik Frantzen straks at dei ikkje kunne støtta framlegget slik det låg føre.
- Eg er for innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits, gjorde Maria Strømme klart. Ho peika på at også andre nordiske land som Sverige, D