- Biomaterialmiljøet i Oslo blir halvert
Odontologiprofessor Ståle Petter Lyngstad arbeider også med biomaterialar både ved Det odontologiske fakultetet ved UiO og i det private selskapet Corticalis AS. Etter hans meining har både SINTEF, NIOM og odontologi gode biomaterialmiljø i Oslo. Derfor likar han ikkje det som skjer:
- Her går toget! Og ingen gjer noko reelt. Biomaterialmiljøet i Oslo blir halvert og me gir bort NIOM til Bergen for ein slikk og ingenting. Slik omtalar Lyngstadaas planane om å selja Nordisk institutt for odontologiske materialer AS til forskingsinstituttet Norce som har hovudkvarter i Bergen, men har aktivitetar både i Haugesund, Stavanger, Kristiansand og i Oslo.
Ekstraordinær generalforsamling
Uniforum veit at det skal haldast ei ekstraordinær generalforsamling i Nordisk institutt for odontologiske materialer AS i dag, torsdag 8. november klokka 13.00 i Lucy Smiths hus på Blindern. UiOs eigarskap i selskapet blir forvalta av randsoneselskapet Unirand AS, og det er dermed styreleiar Ragnhild Hennum som utgjer generalforsamlinga for Nordisk institutt for odontologiske materialer AS. Men også representantar for den andre eigaren, Helse- og omsorgsdepartementet vil møta. Det gjer også styreleiar for NIOM, odontologidekan Pål Barkvoll, opplyser han til Uniforum.
Sakspapira og innkallinga vert haldne hemmelege
Alle sakspapir i saka er unntatt frå offentleg innsyn etter paragraf 23 i Offentleglova. Det stadfestar både styreleiar Ragnhild Hennu