Uniforum
05.05.2020
- Eg forstår at det både er problem med motivasjonen og mykje frustrasjon på grunn av koronastenginga av universitetsbygningane. UiO har likevel godkjent 1100 søknader om tilgang.
Det seier rektor Svein Stølen i ein kommentar til kritikken frå biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.
Les mer- Eg er glad for at Nils Chr. Stenseth er så tydeleg på at det er viktig med eit strengt smittevern, seier Svein Stølen til Uniforum.
- Eit tillitsbrot
Det var i går biologiprofessor Nils Chr. Stenseth gjekk hardt ut i Uniforum og kalla utestenginga av forskarar frå universitetsbygningane eit tillitsbrot. Etter hans meining står tilliten mellom forskarar og leiing på spel fordi forskarane må fylla ut fleire skjema før dei får endeleg svar på om dei får tilgang til kontora sine eller til eit laboratorium.
- Må få ein oppvask
Stenseths synspunkt fekk støtte frå ein annan biologiprofessor, Kristian Gundersen. Han meinte at heile opplegget ber preg av leiarar