SAMARBEIDSAVTALE: UiO-rektor Svein Stølen og byrådsleiar Raymond Johansen (A) skreiv under ein overordna samarbeidsavtale mellom UiO og Oslo kommune. Bak kjem ordførar Marianne Borgen (SV)
Foto: Ola Sæther
Svein Stølen fylgde opp oppfordringa ved at han og byrådsleiar Raymond Johansen skreiv under på ein overordna samarbeidsavtale under presentasjonen av rektoratet i Professorboligen i sentrum. Begge viste til kor viktige Universitetet i Oslo og Oslo kommune er for kvarandre. - Ein av fire UiO-studentar kjem frå Oslo, og ein av fem kjem frå Akershus. Målet vårt er at me skal rekruttera dei beste studentane frå regionen til UiO, sa Svein Stølen.
Mange kommunetisette har utdanning frå UiO
Og Raymond Johansen var ikkje snauare. - Mellom dei 50 000 tilsette i Oslo kommune, er det mange som har tatt utdanninga si ved UiO. Og me håpar og trur at mange av dei som kjem til Universitetet i Oslo som studentar finn det attraktivt å bu her, og gjerne vil slå seg ned i Oslo, sa han. - Over halvparten av dei tilsette i Utdanningsetaten har studert ved UiO, peika prorektor Gro Bjørnerud Mo på. Ho viste til at UiO har studen


































































































