Foto: Ola Sæther
Det var ein svært glad UIO-rektor Svein Stølen møtte etter at det samrøystes vedtaket i Universitetsstyret var vel i hamn.
- Me kjem no til å jobba steinhardt for at både pasientar og studentar kan koma tilbake så fort som mogleg til ei god drift, lovar Svein Stølen.
- Synest du det var vanskeleg å sy saman eit forslag som alle kunne stemma for?
- Eg synest det var eit godt styremøte der det var ein god dialog, der me opna opp og torde å snakka med kvarandre og så kom me til ein konklusjon. Eg vil gi ære til alle i styret for å ha bidrege veldig konstruktivt til at me har nådd ei semje.
-Trur du at det blir ro rundt denne saka no i tida framover?
- Eg håpar det, og me skal absolutt jobba så godt me kan for å få bidra til det ved å involvera og informera også vidare. Me har sagt allereie fleire gonger at me ser at me ikkje har handtert denne saka godt når det gjeld kommunikasjon, og me har heller ikkje involvert studentar godt nok, slik også (instituttleiar.Red.merknad) Pål Kraft sa i dag.
Ser alvorleg på avvika
I det endelege vedtaket blir det understreka at Universitetsstyret ser alvorleg på avvika som er avdekte på klinikken ved Psykologisk institutt. I vedtaket heiter det også at Universitetsstyret ber universitetsdirektøren i samråd med fakultetsleiinga, instituttstyret, instituttleiinga, klinikkleiinga og relevante styresmakter om å halda fram med arbeidet med å avdekkja omfanget av brot på relevant lovverk og handtera dei identifiserte avvika for å ta opp igjen studentpraksis og pasientbehandling så snart som mogleg. Dessutan skal arbeidet for å finna fram til modellar for mogleg framtidig organisering som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare, heiter det.
Når det gjeld den framtidige organiseringa av undervisningsklinikkane blir det vist til at det primært er eit ansvar for ordinære fag- og styringsorgan. Endeleg vedtak av modell vil gjerast av Universitetsstyret etter ein prosess som sikrar involvering av studentar og tilsette sin medverknad. Dette inneber handsaming i styra ved Psykologisk institutt og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Styret ber dessutan internrevisor om å gå gjennom rutinar for internkontroll knytt til klinikkdrift ved UiO, går det fram av det endelege vedtaket.
* Internrevisjonen kom med hard kritikk
Behandlinga av situasjonen ved klinikken på Psykologi


































































































