Uniforum
19.09.2018
Universitetet i Oslo er nummer 31 av dei 50 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen. Det viser eit oversyn som databasen the Nature Index har gjennomført innanfor naturvitskapleg forsking.
STIGANDE STJERNE: Universitetet i Oslo er mellom dei 50 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen. Det er satsinga på klimaforsking og geofaga som er hovudgrunnen til det, går det fram av rangeringa til vitskapsindeksen Nature Index 2018.
Les merFoto: Ola Sæther
Med plasseringa som nummer 31 kjem Universitetet i Oslo blant dei beste stigande stjernene på universitetshimmelen i den europeiske meisterligaen. Det er berre Max Planck Society i Tyskland, som gjer det betre i Europa med nittandeplassen sin. Bortsett frå endå eitt tysk universitet, er det elles berre universitet frå Storbritannia, Sveits, Nederland og Tsjekkia i Europa som klarer å koma seg inn på denne ekslusive femti-på-topp-lista. Med unntak for to universitet frå India, eitt frå Saudi-Arabia og eitt frå Singapore er lista fullstendig overfolka av universitet frå Kina og USA.
University of Chinese Academy of Sciences tar førsteplassen
Denne rangerin