Saksdokumenta er opna
No har UiO-leiinga bestemt seg for å opna saksdokumenta i denne diskusjonssaka som offisielt heiter masterplan for universitetets IT. Det får Uniforum opplyst frå UiO sentralt. Sjølve diskusjonen vil gå føre seg bak stengde dører. Det skjer med grunngjeving i universitets- og høgskulelovas 9-6. Der heiter det: «(6) Styrets møter skal holdes for åpne dører. Styret kan vedta at møtene skal holdes for lukkede dører, eller at bestemte saker skal behandles for lukkede dører. Behandling av sak etter andre punktum skjer for lukkede dører.»
Føreslår samling av IT-tenestene i ein organisasjon
Dermed kan Uniforum i dag visa til hovudinnhaldet i sakspapira om masterplan for universitetets IT.
I hovudsak byggjer det som står i saksdokumenta på vurderingar og innhentingar av informasjon som er blitt gjort av ei arbeidsgruppe leidd av UV-dekan Sten R. Ludvigsen. Arbeidsgruppa er identisk med tankesmia som ser på Digitalisering i samband med arbeidet med UiOs Strategi 2030. Den har sett på korleis IT-tenestene ved UiO er organiserte i dag, og kjem med innspel til korleis dei kan bli organiserte i framtida for å møta nye behov hos dei tilsette. Derfor er det ikkje minst forholdet mellom lokal IT og sentral IT som arbeidsgruppe har sett på. Arbeidsgruppa kjem med eit råd om kva UiO bør sjå nærare på når det gjeld dette spørsmålet. Eit av dei er at heile IT-organisasjonen på UiO må samlast, går det fram av rapporten som skal opp til diskusjon i iniversitetsstyret tysdag 5. februar:
«Det store behovet for fag- og domenenær IT-støtte som arbeidsgruppa har registrert tilsier at både organisering, innretting og prior