Uniforum
11.11.2020
Det vert jobba med å få til ei løysing mellom musikarar som brukar Aulaen og UiO. - Me er i god dialog med rektoratet, seier direktør Per Erik Kise Larsen i Det Norske Kammerorkester.
Det var den 30. juli Uniforum skreiv at det var full krise i forholdet mellom musikarane som brukar Aulaen og Universitetet i Oslo. Grunnen var at dei alle hadde fått beskjed på epost frå UiO om at den avtalen dei hadde om bruk av Aulaen ville gå ut i løpet av 2020.
Les merEposten var ført i pennen av assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, og den fekk sentrale kulturaktørar til å kritisera UiOs behandling av fleire av dei som i dag er med på å fylla Universitetets aula med musikk, både gjennom faste konsertar og under festivalar. Dei sørga for at saka først blei kjent gjennom Nyhendemorgon i NRK P2 dagen før oppslaget i Uniforum.
- Vanskeleg å skjøna
Ein av dei som gjekk hardast ut var den tidlegare kulturrådgjevaren ved UiO, Gjøril Songvoll, som også er leiar for Oslo operafestival.
- Leiinga ved UiO må finna nokon som kan drifta ein kulturarena som Univ