Uniforum
24.05.2018
- UiO går mot tøffare tider og må truleg rekna med eit rammekutt på 100 millionar kroner frå 2019 eller 2020. Det opplyser rektor Svein Stølen til Uniforum.
VARSLAR KUTT: - For at me skal kunna få gjennomført naudsynt vedlikehald og pålagde IT-oppgåver, er me nøydde til å redusera budsjettet til einingane med rundt 100 millionar kroner, seier UiO-rektor Svein Stølen.
Les merFoto: Martin Toft
- Det blir få nye tiltak frå rektoratet i budsjettforslaget for 2019, stadfestar UiO-rektor Svein Stølen. Og det var i ein samtale med Uniforum om det som kunne sjå ut som eit kritisk budsjett for Scholars at Risk, men som likevel ikkje var det, han kunne avsløra at dei fleste einingane på UiO må førebu seg på hardare økonomiske tider dei neste par åra.
- Utfordrande situasjon
Det er dei store planane som blei sette i gang av det førre rektoratet som no fører til at UiO må skjera ned på budsjettet i 20