Uniforum
03.10.2017
37 kandidatar søkte den ledige stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiO før fristen gjekk ut 27. februar. No har UiO-leiinga bestemt seg for ikkje å tilsetja nokon i stillinga.
INGA TILSETTING: Det blir inga tilsetting av ny kommunikasjonsdirektør ved UiO i denne omgang. - Me har hatt eit skifte av rektorat denne hausten, og me ynskjer at nytt rektorat skal ha påverknad på innretninga av stillinga, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.
Les merFoto: Ola Sæther
Rett før jul i fjor slutta Marina Tofting som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo etter at ho hadde takka ja til stillinga som kommunikasjonsleiar ved Vitskapsakademiet. Den ledige stillinga blei lyst ut like etterpå med søknadsfrist 27. februar. 37 søkjarar låg til slutt i bunken som ei eiga intervjugruppe skulle vurdera. I går fekk alle søkjarane denne meldinga frå hovudjegerfirmaet Amrop Delphi:
Vi vil nå informere om