Uniforum
11.03.2020
Mest mogleg undervisning skal gå føre seg digitalt på Universitetet i Oslo frå torsdag 12. mars. Alle tilsette får råd om å arbeida heimifrå, så sant dei kan det. Det er to av tiltaka UiO-leiinga no set i verk for å hindra koronasmitte.
All undervisning med over 100 studentar skal frå i morgon gå føre seg digitalt. Om ikkje det går, vil førelesingane bli avlyste. Samtidig vert det oppfordra til at også undervisning for færre studentar, så langt som mogleg skal skje digitalt.
Les merKansellerer reiser i regi av UiO
Det er det mest drastiske tiltaket som UiO no har sett i verk for å hindra at studentar og tilsette blir smitta av koronaviruset på universitetsområda. Også reiser som tilsette eller studentar skal ut på for Universitetet i Oslo til risikoområda, vert no kansellerte. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum og i ein epost som er sendt til alle leiarar, einingar, organisasjonar og studentorganisjonar på Universitetet i Oslo.
- Var dette ei vanskeleg avgjerd å ta?
- Nei. No fylgjer me dei oppdaterte råda frå Folkehelseinstituttet og slik verksemda er hos oss