AddToAny

UiO-forskar: - Rolla til domstolane er å halda tilsynsorgana ansvarlege

UiO-forskarar har undersøkt i kva grad ekspertar kan kontrollerast. - Me må ikkje undervurdera det faktum at den som blir stilt til ansvar for ei avgjerd, vil forsvara den, sa seniorforskar Tobias Bach ved Arena på eit seminar ved UiO.
I dag brukar moderne demokratiske land oftare enn nokon gong før uavhengige ekspertorgan i politiske avgjerdsprosessar. EU åleine har 44 byrå, der Noreg deltar i 27. Døme på slike byrå er EASA (flysikring), Europol (politisamarbeid) og Frontex (byrået for overvaking av EUs yttergrenser).

I Noreg er Helsedirektoratet, Finanstilsynet, Konkurransetilsynet og Noregs Bank døme på slike byrå med ekspertar. I Noreg er det ulike direktorat, men også Finanstilsynet og Konkurransetilsynet som er døme på slike ekspertorgan. Funksjonsmåten deira er modellert etter den uavhengige sentralbanken.

Forskingsprosjektet Reflex ved Arena - Senter for europaforsking har gått gjennom tre strategiar for å kontrollera ekspertane. Det er vitskapsbasert tillit, kollektiv auto-paternalisme og meir deltaking frå vanlege folk. Prosjektet gjekk grundig gjennom dei tre strategiane og har funne dei inadekvate, altså utilstrekkelege. Dei kan ikkje løysa legitimitetsproblemet.

- Den offentlege bruken av fornuft

Difor utarbeidde prosjektleiar Erik Oddvar Eriksen og forskarkollegaene hans eit eige forslag til korleis legitimiteten til desse uavhengige organa kan bli sikra også i framtida.

- Me kallar det for den offentlege bruken av fornuft. Prosjektet vårt undersøkjer om involvering av ekspertorgan i ein offentleg prosess for å koma fram til ei grunngjeving, vil kunna løysa problemet med legitimiteten, sa Eriksen til Uniforum i november i fjor.

Reint konkret går det ut på at ekspertar søkjer offentleg stadfesting på at verdipremissane dei brukar og dei råda dei kjem med, er rette. Når både vitskapssamfunnet og det breie offentlege samfunnet blir bedne om å koma med innspel, får me alle ein test på kor fornuftige vurderingane er.

I Uniforum trekte han fram dei daglege pressekonferansane regjeringane og ekspertane i Helsedirektoratet og i Folkehelseinstituttet hadde under dei første månadane med koronapandemi som eit godt

Les mer

Flere saker fra Uniforum

- Regjeringa synest det er bra for Noreg, for Norden og for det nordiske forsvarssamarbeidet.
Uniforum 27.05.2022
Rundt 100 personar møtte fram i ettermiddag for å markera at Skamstøtta no er plassert i Universitetshagen bak dei gamle universitetsbygningane i Oslo sentrum.
Uniforum 25.05.2022
Regjeringen fordeler 1000 studieplasser landet rundt til ukrainske studenter på flukt, 100 plasser går til UiO, 125 til UiB, mens NTNU får 140 plasser.
Uniforum 25.05.2022
- Etter to år med digital undervisning, kan sommerskolen endelig ta imot studenter på campus igjen, forteller direktør Anne Cathrine Uteng da Silva. Men dette gjelder med ett unntak, bare norskkursene. De øvrige emnene vil fortsatt være digitale.
Uniforum 25.05.2022
Onsdag 25. mai klokka 13.30 vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989.
Uniforum 24.05.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt