Derfor bad universitetsdirektør Arne Benjaminsen Universitetssstyret i går om å ta stilling til forslaget om å nedjustera det antatte budsjettet med 86,2 millionar kroner. Kanskje lite samanlikna med ei samla tildeling til UiO på 6,116 milliardar kroner. Dette er likevel pengar som einingane ville ha kunna disponera fritt innanfor budsjettrammene sine.
Ein realnedgang på 1,9 prosent i tildelinga for UiO i 2023
Den samla tildelinga til UiO på 6,116 milliardar kroner er ein nominell auke på 66,8 millionar kroner (1,1%) samanlikna med budsjettet for 2022, står det i budsjettforklaringa frå universitetsdirektøren. I statsbudsjettet er det lagt inn ein lønns- og priskompensasjon på 3%. Dette kompenserer ikkje reell lønns- og prisvekst, og inneber derfor ein realnedgang på 1,9% for UiO i 2023, går det fram av bakgrunnsdokumenta i sakslista til styremøtet.
Samtidig bad også universitetsdirektør Arne Benjaminsen om å støtta forslaget om å gi rektor Svein Stølen fullmakt til å fordela den utrekna reduksjonen på 12,79 millionar kroner på grunn av innføring av studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits.
Når det gjeld dei auka energiutgiftene på 160 millionar kroner, skal dei fordelast mellom einingane på grunnlag av kor stort areal dei disponerer. I tillegg skal Universitetsstyret ta stilling til den samla justerte rammefordelinga mellom einingane. Universitetsdirektøren ber dessutan styret gi rektor fullmakt til å gjera endringar med grunnlag i tildelingsbrevet Kunnskapsdepartementet sender over til Universitetet i Oslo og moglege andre mindre justeringar.
Dekanar åtvara mot å endra modell for internhusleige
Før møtet hadde Universitetssstyret fått eit brev frå