Foto: Ola Sæther
Talas tale viser at Universitetet i Oslo kjem som nummer 146 på årets rangering, medan det låg på plass nummer 132 på fjorårets rangering. Universitetet i Bergen får same plassering som i fjor, ein stad mellom nummer 201 og 250. NTNU fylgjer i neste gruppe, mellom universiteta frå nummer 251 til 300. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Universitetet i Tromsø hamnar begge blant dei 401 og 500 beste universiteta i verda. I fjor låg NMBU i gruppa over.
Oxford og Cambridge tar dobbeltsiger for Storbritannia
Heilt øvst på lista over verdas beste universitet, tronar University of Oxford og University of Cambridge. Også i fjor var University of Oxford på topp, men det er første gong på 13 år at to britiske universitet tar dei to øvste plassane på verdsran


































































































