Gjeld berre for eigedomar med kyrkjeleg verdi
I eit brev Barne- og familiedepartementet har sendt til Kunnskapsdepartementet og som Uniforum har fått ein kopi av, går det klart fram at det ikkje vil vera mogleg for UiO å overta desse tomtene vederlagsfritt frå Opplysningsvesenets fond.
Det gjeld berre for dei eigedomane fondet har som har kyrkjeleg verdi, medan andre delar av grunnkapitalen i fondet ikkje kan gjevast bort eller brukast opp, er vurderinga i brevet Forbrukar-, trus- og livssynssavdelinga i Barne- og familieavdelinga har sendt til Kunnskapsdepartementet etter at UiO bad om ein slik gjennomgang i juli i år.
Ville ha spart 162 millionar kroner i festeavgift
I dag har UiO ein avtale som går ut på at dei må betala 9 millionar kroner i året for dei tomtene det festar av Opplysningsvesenet fond fram til 2040. Først då kan prisen for festekontrakten reforhandlast, men avtalen er evig og uoppseieleg.
Om UiO hadde kome seg ut av avtalen i 2023, ville det har spart 162 millionar kroner i festeavgift, går det fram av eit brev som universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen sende til Kunnskapsdepartementet i juli i år. Sidan dagens festekontrakt gjeld frå 2010, vil UiO ha betalt Opplysningsvesenets fond 270 millionar kroner på dei 30 åra fram til festeavgifta kan regulerast på nytt i 2040, er eitt av argumenta dei to toppdirektørane brukar.
Seks bygningar på Nedre Blindern står på festa tomter
Av dei sju bygningane som UiO har på Nedre Blindern, står seks heilt eller delvis på tomtene til Opplysningsvesenets fond. Farmasibygningen, Geologibygningen, ZEB-bygningen og Helga Engs hus står på tomtegrunnen til Opplysningsvesenets fond (Ovf) Størstedelen av Fysikkbygningen og halvparten av Kjemi


































































































