Uniforum
13.10.2021
Universitetet i Oslo er mellom dei 51 beste universiteta i verda om du skal studera samfunnsvitskaplege fag. Det slår Times Higher Education klart i 2022-rangeringa over universitetsfag.
Med plasseringa som nummer 51 i verda i samfunnsvitskaplege fag, klatrar UiO ti plassar i høve til 2021-rangeringa som blei publisert i fjor. Det gjer at dei som vil studera samfunnsvitskaplege fag på UiO, vil gjera det på eit universitet som er rangert som nummer 14 i Europa og som nummer tre i Norden i desse faga. Då inkluderer også Times Higher Education fag som media og kommunikasjon i fagkrinsen til samfunnsvitskapen, medan det ligg på Det humanistiske fakultetet på UiO. Samtidig tar ikkje rangeringa med psykologi som er ein del av porteføljen til Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO.
Les merOxford på topp
På topp i verda og i Europa tronar Oxford-universitetet i Storbritannia, fylgd av dei amerikanske universiteta Massachusetts Institute of Technology og Stanford. I Europa er det London School of Economics og Cambridge-universitetet som kjem som nummer to og tre etter Oxford. I