Uniforum
20.01.2022
University of Hong Kong er verdas mest internasjonale universitet. Universitetet i Oslo er nummer 50, og det held til førsteplass i Noreg og femteplass i Norden. Prorektor Åse Gornitzka er ikkje overraska.
Onsdag 19. januar publiserte Times Higher Educacion eit oversyn over verdas mest internasjonale universitet. Lista blir toppa av Hong Kong University, ETH Zürich og École Polytechnique Fédérale de Lausanne (EPFL) i Sveits som deler tredjeplassen med The Hong Kong University of Science and Technology.
Les merDei tre britiske universiteta Oxford University, Cambridge University og Imperial College London kjem på dei neste plassane.
Det mest internasjonale universitetet på det amerikanske kontinentet er University of British Colombia i Canada på plass nummer 20.
I USA er det mest internasjonale universitetet Massachusetts Institute of Technology på 30. plass. Både universitet i Singapore, Australia, Austerrike, Nederland, New Zeala