Så kjem det tre nye britiske universitet før nederlandske Utrecht University på åttandeplass, King s College London på niandeplass og nederlandske Universty of Amsterdam som endar som nummer 10.
To danske før beste svenske universitet
Københavns Universitet hamnar på ellevteplass i Europa, og plasserer seg dermed på førsteplass i Norden. Det blir fylgt av Helsingfors unversitet på 18. plass og Universitetet i Oslo som nummer 20. På denne rangeringa inntar dermed UiO bronseplassen i Norden. Det nest beste danske er Aarhus Universitet på 24.-plass. Dei beste svenske universiteta er Lunds universitet og Uppsala universitet på høvesvis 32. - og 33.-plass. I verda kjem UiO på plass nummer 96, ein plass ned frå resultatet på rangeringa frå julirangeringa i fjor.
- Me har forskarar i verdsklasse
Rektor Svein Stølen er godt nøgd med UiOs plassering på denne rangeringa.
- Det er alltid hyggeleg at Universitetet i Oslo held stand på internasjonale rangeringar. Webometrics-rangeringa handler først og fremst om å vera til stades digitalt, men også om forskingsformidling. Me har forskarar i verdskl