Felles klagenemnd oppheva UiB sitt vedtak, og Høisæther fullførte årseininga i praktisk-pedagogisk utdanning - to år forseinka. No har han saksøkt universitetet og vil krevja erstatning for tapt arbeidsinntekt.
Dersom ein student vert funnen uskikka eller utestengd frå utdanningsinsitusjonen, har vedkomande rett på å få dekka advokatutgifter. Men kor lenge har ein krav på å få dekka slike kostnader?
Ikkje til ein har gått til retten, meiner UiB.
Handsama i styret
I universitetsstyremøtet i starten av september handsama styret ei sak der dei skulle ta stilling til kven som skal betala Høisæther sine advokatrekningar.
I universitetets- og høgskulelova heiter det at studentar i nokre saker har krav på å få dekt advokatutgifter: «Kandidaten har rett til å la seg bistå av advokat eller annen talsperson fr