Olsen var inhabil etter mellom anna å ha plassert saka innanfor metoo-spekteret.
Etter å ha handsama saka i godt over ein time, konkluderte eit fleirtal, etter det Khrono kjenner til, på 7-3 i styret med at den vitskapeleg tilsette «gjentatte ganger har krenket sine tjenesteplikter».
- Vår mann er veldig skuffa. Han hadde håpa på eit anna utfall, seier Helge Holgersen i Forskerforbundet like etter at vedtaket var fatta i styret.
Det var fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet som i juni sa opp ein vitskapeleg tilsett. Mannen klaga saka inn for universitetsstyret, med støtte frå Forskerforbundet.
Fotograferte studentane
Sentralt i saka står to ting: Mannen sitt forhold til studentar og nokre bilete han skal ha tatt av nokre av dei. Men metoo, eller seksuell trakassering, er ikkje nemnt i sakspapira.
I 2018 fekk den vitskapeleg tilsette ei skriftleg åtvaring. Bakgrunnen var forholdet til to kvinnelege studentar hausten 2017.
- Relasjonane var intime, ikkje seksuelle, men for tette sett i lys av at du var rettleiar for studentane. Relasjonane har sett studentane i ein utfordrande og ukomfortabel situasjon, og ein slik oppførsel er ikkje akseptabel for ein tilsett ved UiB, heitte det i åtvaringa.
Men nokre månader seinare dukka det opp bilete mannen skal ha tatt av studentar. Kva dei eigentleg viser, er litt omstridd, men i sakspapira til fakultetsstyret heiter det at det er nærbilete med fokus på rumpe og bryst.
Det er ikkje snakk om nakenb