IKKJE SÅ AKTIV: - Eg må vedgå at eg ikkje er så aktiv på sosiale media som eg brukte å vera. No legg eg ut meir blomsterteikningar, kattar og andre morosame symbol der enn politiske synspunkt, seier Erkan Saka. Han er førsteamanuensis på marknadsføringsstudiet ved det private Istanbul Bilgi University.
Foto: Ola Sæther
ISTANBUL: For eitt år sidan var Uniforum i Tyrkia for å finna ut korleis akademikarar hadde det etter kuppforsøket den 15.juli og represaliane mot dei som hadde sett namnet sitt
Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:
11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.
Februar 2016: Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.
15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.
16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen.
23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene.
17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016.
2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine.
April: Folkerøysting om Erdogans forslag til grunnlovsendringar. 51,41 prosent av folket stemmer ja.
6. juni: styreleiar for Amnesty Tyrkia,Taner Kiliç blir arrestert.
5. juli: generalsekretær for Amnesty Tyrkia, Idil Eser blir arrestert og sikta for å tilhøyra ein væpna terroristorganisasjon.
(Kjelder: Human Rights Watch, Amnesty International, International Commision of Jurists og Uniforum)
på underskriftsaksjonen til Academics for Peace. Dei kravde ein stans i krigshandlingane mellom regjeringa og kurdisk gerilja i Sør-Tyrkia.
For kort tid sidan drog Uniforum tilbake til Istanbul for å høyra om situasjonen var blitt verre eller betre enn den var for eitt år sidan. Ein av dei me snakka med den gongen var jussprofessor og sosiolog, Ishtar Göyazidin. Nokre månader etter at me snakka me henne i fjor, blei ho arrestert og sett i fengsel i 94 dagar utan lov og dom. No er ho tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris, samtidig som ho sit og ventar på at rettssaka mot henne skal koma opp den 12. september. Tiltalen går ut på at ho er med i ei væpna terroristgruppe og ho risikerer ein dom på 15 år i fengsel.
Les meir i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 års fengsel
I ein annan sta


































































































