Khrono
15.11.2019
Dei tilsette ved det tidlegare konfliktherja Institutt for historiske studier ved NTNU har blitt innplasserte i institutt X og Y. Tvangsflytta Kristian Steinnes er også henta tilbake.
(Saka blir oppdatert fortløpande)
Les merI dag har fleire tilsette ved det tidlegare Institutt for historiske studier (IHS) ved NTNU fått brev om kva slags av dei to nyoppretta institutta dei skal høyre heime i.
Dei to nye institutta har førebels fått namna X og Y.
Kristian Steinnes som vart tvangsflytta frå det tidlegare instituttet, er no henta tilbake til institutt Y. Det kjem fram av brevet han har motteke frå leiinga.
Hovudtyngda av dei som er plasserte i institutt Y kjem frå forskargruppa «Fate of Nations», ifølgje brevet som er sendt ut til dei tilsette.
- Eg har vore usikker heile vegen på om eg ville få lov til å flytte tilbake. Det er positiv til, seier Steinnes til Khrono.
Steinnes, s