YRKESSKADE: - Alvorlege hendingar som oppstår over eit kortare tidsrom kan reknast som ein yrkesskade, seier juridisk direktør Rune H. Kristoffersen i Statens pensjonskasse etter at SPK har gitt erstatning for yrkesskade etter seksuell trakassering på UiO.
Foto: Statens pensjonskasse
Det var i går den tidlegare doktorgradsstipendiaten ved UiO, Birgitte Moesgaard Henriksen inngjekk eit forlik med Statens pensjonskasse der ho blei tilkjent erstatning for yrkesskade påført henne av seksuell trakassering på Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
* Les i Uniforum: Får erstatning etter seksuell trakassering på UiO
Juridisk direktør i Statens pensjonskasse, Rune H. Kristoffersen, har gått inn i saka og understrekar at SPK ikkje kan kommentera enkeltsaker.
- Men på generelt grunnlag kan me seia at nokre saker ligg slik til at rettsmekling kan vera ei god løysing for begge partar. Rettsmekling går ut på at partane forsø